Position Overview
Logo
Stillingsutlysning

Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommunar skal saman byggje nye Ålesund kommune. Den nye storkommunen på Sunnmøre vil få ca. 65 000 innbyggjarar og om lag 5 500 tilsette. Dei fem kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen.  Det er store ambisjonar om å skape ein føregangskommune og styrke regional slagkraft med Ålesund som eit urbant tyngdepunkt.  Kommunen sin visjon er: nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet.

Sjå også www.nyealesund.no

 

 

Rådmann nye Ålesund kommune

Unik leiarutfordring   |   Viktig samfunnsoppdrag

 

Til å leie nye Ålesund kommune søker vi ein strategisk, samlande og samfunnsengasjert rådmann som først vil gå inn som prosjektleiar for arbeidet med å skape den nye kommunen. Det vil vere fokus på samhandling, nærdemokrati og organisasjons- og kulturbygging. Erfaring frå toppleiing i politisk styrt organisasjon og kompleks prosjektleiing er etterspurd.  Som prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen skal du bidra til å sikre ein vellykka fusjonsprosess og eit godt samspel mellom politikk og administrasjon.

 

Hovudoppgåver:

  • Sikre gode og likeverdige tenester gitt av kompetente fagfolk, tilgjengeleg der folk bur
  • Vere ein pådrivar i den regionale samfunnsutviklinga og bidra til å posisjonere Ålesund by som det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim
  • Vere ein pådrivar for at nye Ålesund skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene med fokus på innovasjon, nyskaping og bærekraft
  • Utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar
  • Bygge og utvikle ein effektiv, tverrfagleg, kompetent og nettverksbasert organisasjon med ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk med fokus på trepartssamarbeid
  • Etablere gode styringssystem og planverk for budsjett, økonomi og eigarskapspolitikk

 

Vi vil legge stor vekt på gode kommunikasjonsevner i dialog med politikarar, tilsette, innbyggjarar, medier og samarbeidspartnarar. Vi ønsker ein motiverande leiar med evne til å skape engasjement og forplikting på mål og gjennomføring. Solid økonomiforståing, strategisk overblikk og leiarerfaring frå kompleks kunnskapsorganisasjon blir vektlagt. Du må ha god kjennskap til kommunesektoren og utprega rolleforståing og evne til samhandling med politisk leiing. Du kan vise til gode resultat i møte med aktuelle utfordringar og har eit heilhetleg og tverrsektorielt perspektiv. Du har utvist evne til å balansere god drift med implementering av omstillings- og endringsprosjekt. Vi søker ein framtidsretta leiar som vil bidra til innovasjon og utvikling av morgondagens løysingar basert på digitalisering. Stillinga vil rapportere til Fellesnemnda.

 

Søkarar må ha høgskole-/universitetsutdanning, fortrinnsvis på masternivå og relevant leiarerfaring frå offentleg sektor, gjerne kombinert med erfaring frå andre sektorar. Vi kan tilby ei unik og krevjande leiarutfordring med moglegheit til å skape ein av Noregs mest attraktive føregangskommunar. 

 

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

 

Kontaktperson: Dag Olav Tennfjord, leiar av tilsettingsutvalet, tlf. 971 75 730

Kontaktperson: Randi Flugstad Amrop Delphi, tlf. 905 84 138
Arbeidssted:
Ålesund
Søknadsfrist: 15. august 2017